Aysgarthfossane er tre fossar i elva Ure i Yorkshire Dales i England. Dei strekk seg over nesten halvannan kilometer, og har stor vassføring når det er nedbør.
Fossane har dratt til seg besøkande i meir enn to århundrer. John Ruskin, J.M.W. Turner og William Wordsworth er blant dei som har vore der og beskrive fossane i lyriske vendingar.
Langs fossane går det stigar der ein får utsikt over elva. Det er rik flora og fauna der. Kirka St. Andrew's church ligg like ved, denne har ein av dei største kirkegardane i England.
I fjernsynsprogrammet Seven Natural Wonders blei Aysgarthfossane tatt med som eit av undra i nord.