Ostankino-tårnet (russisk Останкинская телебашня, Ostankinskaja telebasjnja) er eit friståande fjernsyn- og radiotårn i Moskva i Russland. Det er 540 meter høgt og vart teikna av Nikolaj Nikitin. Tårnet har ein roterande restaurant i 300 meter høgde.
Bygginga starta i 1963 og tårnet stod ferdig i 1967.Det var då den høgaste frittståande bygningen i verda dei neste åtte åra, før CN Tower vart bygd i Toronto i Canada i 1976. I 1994 var det planar om å sette på ei ny antenne som ville gjere tårnet 561 meter høgt, men på grunn av manglane finansiering vart ikkje dette utført. Sjølv om antenna hadde vorte bygd ville Ostankino-tårnet likevel vorte forbigått av Russlandtårndet, ei 612 meter høg skyskrpar som er venta å stå ferdig i 2012.Шаблон:Utgår
Etter Ostankino-tårnet stod ferdig vart ei rekkje høge tårn bygd i andre sosialistland, som i Kiev, Tasjkent, Almaty, Riga, Berlin, Vilnius, Tallinn, Jerevan, St. Petersburg og Baku. Sjølv om desse var over 300 meter høge var dei ikkje like høge som Ostankino.
Dei siste åra har det vore fleire brannar i tårnet, og 27. august 2000 mista tre menneske livet i ein brann like over restauranten.