Den kinesiske muren (kinesisk 萬里長城; forenkla 万里长城; pinying Wànlĭ Chángchéng, 'den lange borga på 10 000 li¹), er ein 8 851,8 kilometer lang mur og er eit forsvarverk bygd av jord og stein.
Muren ligg i det nordlege Kina. Han vert rekna som jordas største byggverk og vart bygd under Ming-dynastiet frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1600-talet. Muren skulle verna Kina mot plyndringar fra mongolske og tyrkiske stammer. Fleire andre murar vart påbyrja på 200-talet fvt. av Shi Huangdi, den første keisaren av heile Kina.
Fleire delar av den kinesiske mur er øydelagt eller forsvunne med tida. Lokale innfødte har nytta steinen til byggemateriale. I dag er muren freda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1987.
¹ 10 000 li = 5 760 km. 10 000 er eit bilete for uendeleg på kinesisk, slik at namnet på muren tyder «den uendeleg lange borga».